Tannregulering frå Ørsta i medvind

/Tannregulering frå Ørsta i medvind

Tannregulering frå Ørsta i medvind

Marit og Ingrid_web

Spesialist-tannklinikken Kjeveortopeden opplever stor auke av pasientar etter at Marit Gjethammer og Ingri Beddari tok over drifta i fjor. Enklare reiseveg og dyktige spesialistar gjer at fleire vel behandling i Ørsta.

– Tryggleik for pasientane og føresette er viktig for oss. Ved Kjeveortopeden er pasientane delaktige i alle steg av behandlinga, og er informerte om kva som skal skje når dei sit i tannlegestolen, seier Marit Gjethammer og Ingri Beddari, eigarar ved spesialistpraksisen i Ørsta.

Eigarane av Kjeveortopeden er begge spesialistar i kjeveortopedi, med utdanning frå Bergen. Sidan 2016 har dei drive klinikken i lag.

Unike pasientar, varige resultat

*Usynlig tannregulering: Kjeveortopeden i Ørsta tilbyr fleire estetiske metodar innan tannregulering.

*Usynlig tannregulering: Kjeveortopeden i Ørsta tilbyr fleire estetiske metodar innan tannregulering.

Hovudvekta av pasientane er barn og unge med behov for tannregulering, men dei opplever at fleire og fleire vaksne ønskjer kjeveortopedisk behandling av ulike årsaker.

– I tillegg til ordinær behandling med vanlige klossar, tilbyr vi til dømes kvite klossar som limast på framsida av tennene og

usynlig tannregulering på baksida av tennene, fortel Beddari.

Samspelet mellom tenner, kjeve og ansikt står høgt i fokus for å oppnå best mogleg resultat. Kjeveortopedane er opptatt av kva som kler ansiktet til kvar individuelle pasient.

– Vi gjennomfører ei grundig analyse og planlegg tannreguleringa i forhold til pasienten sitt ansikt. Vi tek røntgen og bilete undervegs, alt for å skreddersy og effektivisere behandlinga best mulig, seier Gjethammer.

Begge legg vekt på at det er ein stor fordel å vere fleire spesialistar ved klinikken.

– Eg og Marit utfyllar kvarandre. Vi diskuterer pasientane våre for å kvalitetssikre arbeidet og gi dei den beste behandlinga. Vi har også eit solid team ved klinikken med mange års erfaring, seier Beddari.

Ingen venteliste og enklare reiseveg

– Det tek tid å etablere og kommunisere at vi er her, men vi merker at fleire får augene opp for oss, seier Gjethammer.

Pasientane kjem frå eit stort geografisk område, på tvers av helseforetak og geografiske grenser. Klinikken har ingen venteliste, og gjev raskt tilbod til konsultasjon.

– Det kjem pasientar frå Hellesylt i sør til Stadtlandet i aust, og vi ser det kjem fleire frå Søre. Eiksundsambandet har gjort reisevegen kortare, og du kjem deg til Ørsta på under ein time med bil frå ytst i havgapet, seier Gjethammer.

Dei legg til at unge pasientar ikkje treng miste heile skuledagen for ein tannreguleringstime i Ørsta.

– Vi har som mål at Kjeveortopeden skal verte førstevalet i regionen, avsluttar Ingri Beddari og Marit Gjethammer.

www.kjeveortopeden.no

By | 2018-03-12T13:08:30+00:00 April 10th, 2017|Kjeveortopeden, Ørsta|0 Comments