Snart Skåla Opp

/Snart Skåla Opp

Snart Skåla Opp

Pressemelding: Skåla Opp

Det 16. Skåla Opp blir laurdag 19. august i Loen i Stryn kommune. Meld deg på og velkommen til Skåla Opp og motbakkefest i Loen!

Skåla Opp deltakarrekorden på 1935 fullførande kan stå for fall i år, allereie to veker før arrangementet er det 1300 personar som har meldt sin ankomst. Og om sommarvêret glimtar til, blir det verkeleg ein ny folkefest på Skåla!

Blant kjende løparar som stiller til start nemner vi svenske Emelie Forsberg, løparpara Antonella og Jonathan Wyatt, spanske Laura Orgue og Joan Freixa, sveitsiske David Schneider, fjorårsvinnar amerikanske Annie Bersagel, fjorårsvinnar og verdsmeister Stian Angermund-Vik, europameister Eli Anne Dvergsdal, europameister Johan Bugge, den nye norske kometen Karoline Holsen Kyte, May Britt Buer, skotske Robbie Simpson, unge lovande Stian Øvergaard Aarvik, Kirsten Marathon Melkevik, verdsmeister og løyperekordhaldar Anita Håkenstad Evertsen og evigunge Kristen Skjeldal.
Fleire av desse hevdar seg heilt i verdstoppen i motbakkeløp, og løyperekordar kan stå for fall. I så fall vankar det ein velfortent rekordpremie på NOK 120.000,-.

Vår lokale og trivelege vektløftarhelt Stian Grimseth vil òg ta turen til Skåla denne dagen. Og fleire kjendisar kan vere på veg!
Det er også i år trekning av ei Wonderland seng, fire Garmin pulsklokker og fri bruk av ein VW Golf i eit år, samt mange fleire flotte premiar til dei som fullfører turen til Skåla.

Helga inneheld òg Kickoff fredag, Kongleriket Mini Skåla Opp til sætra for barn opp til 12 år laurdag, streaming, ekspertkommentarar og trubadurar i teltet på Tjugen, samt premieutdeling og grillparty laurdag kveld på Hotel Alexandra.

Skålatårnet og den nye turisthytta til Bergen og Hordaland turlag, Skålabu, har hatt svært godt besøk i sommar. Det er for første gong også ein eigen hyttevert på Skåla i sommar.

Info og påmelding på www.skaala.no

Foto: Jan Erik Sandbakk

By | 2018-02-08T07:09:50+00:00 August 7th, 2017|Aktiviteter, Festivaler, Fjell, Reiseliv, Sommer|0 Comments