Peparkakebyen i Fosnavåg

/Peparkakebyen i Fosnavåg

Peparkakebyen i Fosnavåg

Foto: Nettverk Sunnmøre

Mange var innom Fosnavåg Peparkakeby denne første søndagen i advent. Det maritime som kjenneteiknar kystbyen Fosnavåg var absolutt til stades i Peparkakebyen også.

– Vi er imponert over alle dei kreative byggverka vi har fått, seier Karete Johannessen frå Vestvang Bokhandel.

Ho er ein av initiativtakarane bak Fosnavåg Peparkakeby saman med butikkane A Sævik og Blomster & Gaver.

– Spesielt artig er dei maritime innslaga med båtar frå dei lokale rederia. Vi har til og med båtar med fangst, seier ho smilande og viser til fleire utstilte peparkakefartøy.

– Vi håpte å kunne fylle heile lokalet, og er veldig glade og takknemlige for dei som har levert inn bidrag til byen vår, seier Karete.

Lokala dei har fått bruke til å bygge opp peparkakebyen er i dei gamle Maki-lokala i sentrum av Fosnavåg.
Dette er den første peparkakebyen i kystbyen, men både arrangørane og publikum ser gjerne at det blir ein tradisjon i åra som kjem.

Det er ope for publikum kvar veke i desember:
torsdag (15-19), fredag(15-19) og laurdag(12-16)
I tillegg mandag, tirsdag og onsdag i veke 51(15-19) ogmandag og tirsdag i veke 52(15-19)
23. desember: 12-16

Billettprisar Fosnavåg peparkakeby:
Born 10 kr
Vaksne 20 kr
Familie 50 kr
Eit eventuelt overskot vil gå til “Redd barna”

Sjå Fosnavåg Peparkakeby på Facebook

By | 2018-02-08T07:09:57+00:00 November 29th, 2015|Fosnavåg, Jul|0 Comments