NYSKAPINGSDAGEN 2017

/NYSKAPINGSDAGEN 2017

NYSKAPINGSDAGEN 2017

Robert Voldnes, Frå venster: Odd-Magne Vinjevoll, Tor Inge Nygård og Martin Foldal

Robert Voldnes, Frå venstre: Odd-Magne Vinjevoll, Tor Inge Nygård og Martin Foldal

Pressemelding: ÅKP – Ålesund Kunnskapspark

«Nyskapingsdagen Søre» – ein arena for vekstverksemder, gründerar og andre interessentar.

Dagens tema; ny digital teknologi, visualisering – moglegheiter !

Onsdag 10 mai 09:00 – 13:00 vert det for fjerde gongen arrangert ein eigen nyskapingsdag for Søre Sunnmøre.

Bak arrangementet som er fullfinansiert av fylket si entreprenørskapssatsing hoppid.no står dei 6 Hoppid.no kontora i Ørsta, Volda, Vanylven, Hareid, Ulstein og Herøy. Det er først gongen Vanylven er medarrangør for Nyskapingsdagen Søre.

Arrangementet vert denne gongen på Thon hotell i Fosnavåg.

Program og tema høver for alle som er interessert i innovasjon og nyskaping, både dei som vurderer å etablere sitt eige føretak, men kanskje vel so mykje for dei som alt driv etablerte føretak med planar om ekspansjon eller omstillingar. I tillegg er Nyskapingsdagen Søre ein viktig møtestad der relasjonar vert pleia og nye skapte.

Arrangementet er gratis og tematikken vil gå innom verkemiddelapparatet med informasjon om ulike offentlege finansieringsordningar og støttefunksjonar (ved Innovasjon Norge, hoppid, ÅKP, Forskingsrådet) og med informasjon om og demonstrasjon av moderne marknadsføringmetoder og virituelle verktøy.

I tillegg til folk frå virkemiddelapparatet kjem der og spanande verksemder som fortel om sine tenester som høver med dagens tema; som det nyetablerte føretaket FOSTECH AS (Fosnavåg Technology Centre) som vil presentere det siste innan VR og AR teknologi, Racer AS vil ta føre seg moderne marknadsføringsmetoder og visualiseringsverksemda FIREGRADER AS vil syne litt av det dei leverer innan VR og 3D.

Kommiteen vil difor ønske alle innovasjonsinteresserte hjarteleg velkomne til ein spanande og lærerik halvdag i Fosnavåg. På grunn av matservering bed vi om påmelding.

Sjå annonse her.

For meir informasjon, kontakt:
Robert Voldnes, tlf 906 58 517, e-post: robert.voldnes@aakp.no
Odd Magne Vinjevoll, tlf 906 15 145, e-post: omv@orsta-nk.no
Martin Foldal, tlf 922 24 165, e-post: mf@sknh.no
Tor Inge Nygård, tlf 954 70 452, e-post: post@vanylvenutvikling.no

By | 2018-02-08T07:09:51+00:00 April 26th, 2017|ÅKP|0 Comments