Ny vår for gamal skute

Ny vår for gamal skute

Etter tusenvis av dugnadstimar glitrar skuta i solskinet. Og no lyser også håpet om formidlingsnaust.

Med jekta på sjø, er naust det neste. 600.000 kroner frå Sparebanken Møre gir håp både om å kome i mål og at det kan utløyse gaver frå andre aktørar, seier leiar i eigarstyret for Herøy kystmuseum Tor Sindre Steinsvik. F.v. Banksjef Kjell Brudevoll, Tor Sindre Steinsvik frå Herøy kystmuseum, banksjef Per Ronald Knutsen, kulturleiar i Herøy kommune, Eileen Gjerde, leiar for arbeidsgruppa for jekta, Hans Lennart Sævik, sponsoransvarleg for jektenaustet, Knut Strømsheim og direktør ved Stiftinga Sunnmøre Museum, Ivar Braaten.

Pressemelding: Sparebanken Møre

Jekta ved Herøy kystmuseum er ein av svært få slike båtar i landet, og den einaste i fylket. Etter seks år på ein parkeringsplass under ein presenning, sto det ikkje bra til med kulturskatten, men ei gruppe frivillige har gjennom to vintrar lagt ned fleire årsverk i dugnadsinnsats, og no skin skuta igjen.

– Dette er ubetaleleg, også bokstaveleg tala, seier direktør ved Stiftinga Sunnmøre Museum, Ivar Braaten.

Hallstein Frøystadvåg, Arnfinn Sporstøl og Hans Lennart Sævik er tre av dei som har teke sin tørn i den gamle skipsbyggarhallen på Smedvik i Tjørvåg og vore med på å sette sunnmørsjekta i stand. Hallstein har vore motorskruar og seier han liker å styre med slikt og få det til å virke. Arnfinn har erfaring med trebåt og med Roald Sporstøl som far, seier han at han er arveleg belasta. Og Hans viser til historieinteresse.

– Det er desse skutene som gjer at her har vore folk på desse øyane. Difor er det forferdeleg viktig å bevare ei slik skute slik at folk kan sjå korleis det var før i tida.

Hallstein Frøystadvåg, Arnfinn Sporstøl og Hans Lennart Sævik er mellom dei som har lagt ned stor dugnadsinnsats for å få ei av dei få jektene i landet i stand og på sjøen.

Kaffi og terpentin

For å få skuta til å skine, har det gått med 250 liter møretyri, ei blanding av tjøre, terpentin og linolje – men det har gått med endå meir kaffi.

– Det har vore mykje arbeid, men det har vore rasande kjekt å halde på også. Nesten så det har vore vanskeleg og avslutte og kome seg heim, smiler dugnadsstyrken.

Og praten har gått mellom anna om båten; skapet på skroget og måten jekta er bygd på-

– Det har vore gode skipsdesignarar før også!

Naust det neste

Arnfinn Sporstøl fortel at alle handelsstader hadde si eiga jekt og at jekta difor er med på å gjere Herøy kystmuseum meir komplett. Men med dette smykket av ei jekt på sjøen, så ser ein vidare mot neste steg; eit formidlingsnaust.

Ivar Braaten seier eit formidlingsnaust saman med jekta vil gi heilt nye mulegheiter til formidling. I tillegg er naustet heilt nødvendig for å kunne ta vare på jekta og lagre den gjennom vinteren. Forprosjektet er på plass, Herøy kommune er klar og deira del av naustarbeidet er inne på budsjettet. Sunnmøre museum bidreg med sin del og no ventar ein spent på vedtak i fylkeskommunen. Prisen er rekna til 5,6 millionar kroner. Av det er planen at 1,7 millionar kroner skal kome frå stiftingar og næringsliv. No er ein også kome eit godt stykke der med 600.000 Teft-kroner frå Sparebanken Møre.

Banksjef i Sparebanken Møre i Herøy, Per Ronald Knutsen, gler seg over å få bidra til jektenaustet.

– Vi i Sparebanken Møre ser det som særs viktig å kunne bidra til at denne viktige kulturarven vert teken vare på for framtida og komande generasjonar. Når banken i tillegg feirar 175 år i år, er det ekstra stas å kunne overrekke ei jubileumsgave som ei annerkjenning av dugnadarbeidet og hjelp til å bevare og formidle historia og kulturarven vår.

Jubileumsgava vart overrekte til kystmuseet denne veka, og leiar i eigarstyret, Tor Sindre Steinsvik skein om kapp med sunnmørsjekta.

– Denne gava frå Sparebanken Møre var eit viktig steg for oss, og det gir håp både om at vi kan kome i mål og at det kan utløyse gaver frå andre aktørar. Skuta ligg her, som eit smykke, fortel ein viktig del av historia vår, og vi må syte for å ta vare på både skuta og historia

By | 2018-05-28T11:22:53+00:00 May 28th, 2018|Herøy Kystmuseum, Sunnmøre Museum|0 Comments