Ny adm. direktør og vekstplaner i Plany AS

/Ny adm. direktør og vekstplaner i Plany AS

Ny adm. direktør og vekstplaner i Plany AS

Ambisjoner: Styreleiar John Ivar Olsen, adm. dir. Gunnar Larsen, gründer Sigbjørn Notøy og salgs- og markedsdirektør Kenneth Brandal har store planer for utviklingen av Plany. FOTO: Plany

Ambisjoner: Styreleiar John Ivar Olsen, adm. dir. Gunnar Larsen, gründer Sigbjørn Notøy og salgs- og markedsdirektør Kenneth Brandal har store planer for utviklingen av Plany. FOTO: Plany

PRESSEMELDING

Gunnar Larsen tiltrer 1. februar som ny administrerande direktør i Plany AS.

Gunnar Larsen er 50 år, busett i Fosnavåg, utdanna skipsingeniør og har i ei årrekke hatt leiande stillingar i den maritime klynga på Nordvestlandet, blant anna i Rolls Royce Marine og Jets.

Gunnar Larsen kjem til Plany frå stillinga som Senior Vice President Market & Business Development i det børsnoterte selskapet Havyard Group ASA, der han har jobba sidan 2006.

VEKSTPLANAR
Gunnar Larsen seier han ser fram til å ta den solide og innovative bedrifta lokalisert i Gursken på Sunnmøre vidare.

– Plany er ei bedrift som har eit godt omdømme blant sine kunder og som er kjent for å levere gode produkt og løysingar tilpassa kunden sine behov. Bedrifta har mange føter å stå på og gode vekstmulegheiter. Plany har langstige eigarar med ambisjoner om at bedrifta skal fortsette å utvikle seg positivt. Dei har  ansatte med god kompetanse og eg gler meg til å leie prosessane med å ta ut potensialet for vidare vekst og utvikling, seier påtroppande administrerande direktør Gunnar Larsen.

Sigbjørn Notøy, gründer og ein av hovudeigarane i Plany ser fram til å få ein ny administrerande direktør, som kan tilføre nye impulsar, og ta bedrifta vidare.

– Plany har vorte det som eg drøymde om, då eg i 1971 tok over bedrifta som far min starta i 1964. Vi har hatt ei flin utvikling saman med kundane våre, der den maritime næringa tradisjonelt har vore størst. Dei seinare åra har vi også fått eit godt fotfeste innanfor oppdrett, og Plany er ei bedrift med stort potensiale for vidare vekst. Eg har store forventningar til det Gunnar Larsen med sin kompetanse og erfaring kan bidra med i å ta oss vidare, avsluttar ein optimistisk Sigbjørn Notøy.

Styreleiar i Plany, John Ivar Olsen seier dei hadde ein grundig prosess i å velge ny administrerande direktør.

– Vi engasjert MRB i Ålesund som rådgivar i rekrutteringa av ny toppsjef på Plany, og har hatt ein god prosess med mange gode kandidatar. Valet av Gunnar Larsen var til slutt enkelt, då han hadde den rette kompetansen. Erfaring og kjemien med styret og nøkkelpersonar var også veldig god. Eg ser fram til å samarbeide med Gunnar i å leie og utvikle den spennande bedrifta Plany vidare i eksisterande og nye marknader, seier styreleiar John Ivar Olsen.

 

FAKTA PLANY AS
Plany AS, etablert i 1964, utviklar og leverer produkt som tek vare på verdiar til marin- og maritim sektor, havbruk, landbruk og industri.  Kjernekompetansen til Plany ligg i kunnskap om kunden sitt behov og utvikling og produksjon av produkt og løysingar basert på bruk av tekniske tekstiler i ulike kvalitetar.

Plany AS har 17 tilsette og er lokalisert i Gursken i Sande Kommune på Sunnmøre.

For ytterlegare opplysninger vennligst kontakt:

Styreformann Plany AS
John Ivar Olsen,
mobil +47 909 28 958

Eller finn ut meir på www.plany.no

By | 2018-02-08T07:09:55+00:00 January 19th, 2016|Maritim næring, Plany|0 Comments