Miljøsatsing svarar seg – også økonomisk

/Miljøsatsing svarar seg – også økonomisk

Miljøsatsing svarar seg – også økonomisk

PRESSEMELDING www.olympic.no

I løpet av fire år har Olympic Shipping auka flåten frå 14 til 21 skip. Samtidig er dei totale NOx- utsleppa redusert. Det går fram av selskapet sitt miljørekneskap som vart lagt fram i dag.

Olympic har lenge jobba målretta for å redusere utsleppa, og målet er klart; Olympic skal vere best i verda på miljø.

Frå 2010-2014 har drivstoffeffektiviteten i flåten auka med 23% for CO2 og 40% for NOx. Samtidig leverer selskapet i 2014 sitt beste økonomiske resultat nokon gong.

Etter 2008 er alle skip mellom anna bygd med reinseteknologi for NOx. For denne delen av flåten har ein klart å fjerne heile 2/3 av NOx-utsleppa, og potensialet er enda større.

Sjølv om ein har hatt omlag 60% vekst i tonnasjen, er dei totale NOx utsleppa lavare i 2014 enn i 2010. Mykje av årsaka er systematisk bruk av urea.

– Det er heile havrommet vi lever av, og difor må vi tenke langsiktig og berekraftig på alt vi gjer. Olympic har ein visjon om 0-utslepp av klimagassar. Miljørekneskapen som vi no har lagt fram viser at vi er på rett veg. Utsleppa vert mindre samtidig som vi leverer gode økonomiske resultat, seier Stig Remøy, adm. dir. i Olympic.

Grunntanken er å utføre arbeidet både grønare og smartare. Og det er nettopp det som også er tanken bak det siste nybygget i flåten – «Olympic Bibby».

– På dette fartyet har vi valt det beste utstyret for å redusere utsleppa, både med tanke på katalysatorar og propellar. I tillegg har skipet ein design som gjer at det brukar langt mindre drivstoff enn tilsvarande farty. I dagens offshoremarknad med sterkt fokus på kostnad og effektivitet er vi glade for å ha teke signala på alvor. Vi har bygd effektive og grøne løysingar i staden for å gå opp i storleik, seier Remøy.

Olympic Bibby har ei kompakt innreiing, som gjer at det får eit ekstra stort dekksareal forhold til storleiken på skipet. I tillegg har det ein lav profil, som gjer at det er godt eigna til å operere i vind og bølgjer.

By | 2015-11-13T10:02:23+00:00 April 9th, 2015|Maritim næring, Olympic shipping|0 Comments