Medalje etter 43 år på jobb

/Medalje etter 43 år på jobb

Medalje etter 43 år på jobb

A_saevik

Ordførar Arnulf Goksøyr delte ut Norges Vels medalje for lang og tru teneste til Sissel Remø Frøystad tidlegare denne veka. Her er dei saman med Åse og Terje Myklebust som driv A.Sævik As.

Sissel Remø Frøystad fekk denne veka Norges Vels medalje for særs lang og tru innsats hos A. Sævik.

Sissel Remø Frøystad har heile 43 års tenestetid hos kle- og gardinforretninga A. Sævik AS i Fosnavåg. Det starta heilt tilfeldig. Ho var innom butikken og skulle ha stoff til ei bukse, så vart ho spurd om kva ho gjorde på.

– Ikkje noko akkurat no.

–Kan du kome på torsdag?

Så kom ho den torsdagen, og det vart berre fleire og fleire dagar.

– Ho sa ja og var positiv og arbeidsvilleg då som ho har vore heile tida etterpå, sa dagleg leiar Terje Myklebust under ei tilstelling for alle dei tilsette på A.Sævik.

Han peikte på Sissel Remø Frøystad som ein trufast, lojal og pliktoppfyllande medarbeidar.

– Ho har alltid stilt opp og om det har vore noko ekstra som skulle gjerast, så har ho sagt at «Ja, det kan Steinar, mannen hennar, gjere».

Myklebust tek i tillegg fram Sissel sine gode innspel til drifta, kollegaer og kundar gjennom åra. Ho har god varekunnskap og kanskje eit ekstra godt handlag med gardiner. Då Sissel starta for 43 år sidan, var butikken i Risvik-huset øvst i Fosnavåg. Der var dei fram til 1984 då dei flytta inn i Havgapet rett overfor Rådhuset. Historia er lang og dagane bak disken mange.

– Og Sissel har hatt godt humør – og galgenhumor når det har røyna på.

Lojale tilsette

Med 43 års innsats var Sissel Remø Frøystad særs godt kvalifisert til Norges Vel-medaljen. Medaljen som har vore delt ut heilt sidan 188 skal synleggjere og verdsette innsats i arbeidslivet og skal gå til personar som har vore tilsette i 30 år eller meir i ei bedrift.

-Det har vore 43 gode år og vi håper på fleire gode dagar og gode år i lag – om kanskje ikkje 43 nye, spøkte Terje Myklebust.

– Ja, det har vore 43 flotte år, svarte Sissel Remø Frøystad. Men eg trur likevel eg ikkje kan gå for 43 nye, men eg har lyst til å prøve litt til.

Medaljen vart delt ut av ordførar Arnulf Goksøyr under ei markering tidlegare denne veka.

Åse og Terje Myklebust som driv A. Sævik tek også fram at i lag med Sissel så har butikken gleda av fleire lojale tilsette. To av dei andre som deltok på medalje-markeringa kunne melde om 19 års ansiennitet medan dei Åse og Terje sjølve har mange og førti år på butikken.

By | 2018-02-08T07:09:52+00:00 March 24th, 2017|Fosnavåg|0 Comments