Havlandet i fargar

/Havlandet i fargar

Havlandet i fargar

Foto: Steffen Voldsund. Agathe Teige Eiksund og Laila Lillerovde lanserer fargar inspirert av naturen på søre sunnmøre.

PRESSEMELDING: Nordsjø Ide&Design Ulsteinvik/Fosnavåg

Nordsjø Ide&Design Ulsteinvik/Fosnavåg og instagram-profilen, Laila Lillerovde, har gått saman og laga sin eigen kolleksjon fargar med lokale fargenavn. Med inspirasjon frå den vakre naturen på søre Sunmøre, har no både Flø, Rundebranden, Skorpa, Blåtinden med fleire fått sin eigen unike farge.

Nordsjø Ide&Design tok kontakt med Laila Lillerovde denne hausten med bakgrunn i hennar interesse og lidenskap for interiør og fargar. Lillerovde har meir enn 80 000 følgjarar på sin instagram-profil @villalille, der ho inspirerar publikum frå både inn- og utland ved å dele bilete frå heimen sin på Nautøya i Herøy.

Ideen om ein unik og lokal fargekolleksjon starta i butikklokala i Sjøgata i Ulsteinvik. Butikksjef, Ingelill Brekke, har lang erfaring innan malingsfaget og blei kalla «master tweeker» dei åra ho jobba i Canada. Brekke blandar og lagar alle fargar ved at ho justerar dei manuelt. Ei unik moglegheit for målarforretninga, som dermed er opphavet til denne ideen.

Etter ein telefonsamtale og ein kaffekopp på kaffebaren Madelynn i Fosnavåg, var samarbeidet med Lillerovde i gong.

Det har vore eit utruleg kjekt og inspirerande samarbeid. På kort tid har Laila klart å opparbeide seg ein fanskare på meir enn 80 000 følgjarar på sin instagram-profil @villalille. Det er fantastisk! Laila merkar seg ut ved at ho har klart å skape sin eigen stil, og ved hjelp av fargar skapar ho varme og atmorsfære i heimen sin, seier dagleg leiar i Nordsjø Ide&Design Ulsteinvik/Fosnavåg, Agathe Teige Eiksund.

Samarbeidet har resultert i tjue unike fargar som har fått namn etter vakre naturperler som gir oss gode assosiasjonar. Lillerovde omfavnar både konseptet, naturen og fargane.
– Eg tente på ideen med ein gong! Det å kunne få gjenskape dei gode kjenslene naturperlene våre gir oss, i ein eigen farge? Magisk!, seier Lillerovde.

Hausten på Sunnmøre har værmessig vore fantastisk. Nyheitsstraumen i sosiale medier har blitt fylt opp med vakre solnedgongar, fjellturar og fantastiske naturbileter frå distriktet. Vi kjenner oss igjen i biletetekstar som: «Magisk og friskt i Mulevika i kveld» «Steik kor heldige vi e! #herburvifaktisk «Nydeleg solnedgong og utsikt mot Runde. Her er det godt å vere».

Eiksund meiner vi får ei spesiell sinnstemning når vi opplever naturen på denne måten.

Fargane gjer noko med oss, og har ein direkte påverknad på sinnet vårt. Fargane vi omgir oss med i naturen gjer oss rolege. Det kan ikkje vere tilfeldig at blått og grønt er dei to fargane som går igjen som fargefavorittar, det er himmel og hav, skog og mark. Eg synest det er flott med ei bevisstgjering omkring vårt forhold til fargar. Dei siste 15 åra har våre rimeleg fargelause, og det er vanskeleg å skape stemning og atmosfære med eit kvitt interiør, seier Eiksund.

nordsjoe_ulsteinvik_5

Høgskjerva Foto: Bjørn Vegard Skoge

Lokale fotografar har bidrege med flotte landskapsbilete frå distriktet, og Nordsjø Ide&Design Ulsteinvik/Fosnavåg kan no presentere ei flott brosjyre med alle fargane, samt fargepalettar tilhøyrande desse bileta. Store fargeprøver er tilgjengeleg i butikkane.

Kjeldsund Foto: Bjørn Vegard Skoge

Foto: Bjørn Vegard Skoge

Eiksund håpar at dette kan inspirere fleire til å våge å velge fargar på veggane i heimen sin.

– Fargar er rett og slett eit fantastisk verkemiddel for å skape god atmosfære, seier Eiksund.

Mulevika Foto: Mette Moen

Mulevika Foto: Mette Moen

Det vil bli arrangert lanseringsfest for «Havlandet i fargar» hos Nordsjø Ide&Design Ulsteinvik onsdag 8. mars og hos Nordsjø Ide&Design Fosnavåg torsdag 16. mars. Det vil vere opent for alle å delta. Sjå invitasjon her.

Sjå brosjyre med fargane her

For henvendelsar og ytterlegare informasjon kontakt:

Nordsjø Ide&Design
Agathe Teige Eiksund

ate@kaston.no
mob: 900 53785

Laila Lillerovde

mob: 412 71 072
l.lillerovde@gmail.com

By | 2018-02-08T07:09:53+00:00 February 28th, 2017|Nordsjø Ide&Design|0 Comments