Har funne vinnaroppskrifta

/Har funne vinnaroppskrifta

Har funne vinnaroppskrifta

Havyard_namsos2

Gudmor Ingvild Kjerkol knuste flaska på fyrste forsøk. Foto: NFT

PRESSEMELDING: www.havyard.com

–      Heile landet skrik etter slike båtar, ler administrerande direktør i Norsk Fisketransport AS, Harry Bøe.

Bøe er fornøgd med nyebåten deira, «Namsos», som vart døypt i Namsos, laurdag.

«Namsos» er eit Havyard-produkt frå første strek til ferdig båt. Norsk Fisketransport AS har allereie Havyard-brønnbåten «Havtrans» i arbeid. Administrerande direktør i Norsk Fisketransport AS (NFT), Harry Bøe og  seniorrådgjevar i NFT, Håvard Selnes, seier «Namsos» er ein kopi av «Havtrans» slik den har fungert det siste året. I tillegg har NFT alt bestilt båt nummer tre av same sorten, Havyard 587 design.

–       Har de funne vinnaroppskrifta?

     Yes! Når vi har funne eit slikt glitrande konsept, så er vi tru mot det. No skrik heile landet etter slike båtar. Etterspørselen er stor, seier Bøe og Selnes.

God fiskevelferd

Norsk Fisketransport AS er eit av dei leiande brønnbåtreiarlaga i Norge. «Namsos» vert den niande brønnbåten deira, og gir ein stor auke for NFT sin lastekapasitet.

«Namsos» vart overlevert før jul, og har vore i arbeid og uttesting fram til no, men båten skal inn i ei fem-årig kontrakt med Oppdretternes Miljøservice AS i Ytre Namdal.

Brønnbåtane «Havtrans» og «Namsos» har runde tankar. Det gjer at ein kan styre vasstraumen i tankane på ein heilt ny måte. Det gir jamnare vasskvalitet i heile tanken og dei beste forholda for laksen både under transport, avlusing og anna arbeid.

–     Erfaringane våre frå desse båtane er at dei både gir svært god fiskevelferd og effektivitet, seier Bøe og Selnes.

Effektivt

Dei runde tankane på brønnbåten gjer at laksen held fram med å symje i ring slik dei har gjort i merdane. Dermed stressar fisken mindre og laksekjøtet får betre kvalitet.

I tillegg er båtane effektive både når det gjeld mengda laks som kan fraktast og drivstofforbruk. Med runde tankar kan ein frakte meir laks enn ein kan om bord i konvensjonelle brønnbåtar med same lastevolum. Utforminga av brønnbåtskroget frå Havyard og framdriftssystemet gjer også at ein kan frakte tre gongar så mykje laks som ein gjorde med eldre båtar utan å bruke meir drivstoff.

Stadig betre

Konsernsjef i Havyard, Geir Johan Bakke, kan sjå tilbake på ei spennande reise frå utviklinga av prototypen og bygginga av «Stormy» som vart kjøpt av Norsk Fisketransport AS og fekk namnet «Havtrans» til «Namsos» som vart døypt i helga. Prototypen er no vidareforedla og har resultert i både nydøypte «Namsos» ordre på nok ein brønnbåt til NFT.  Den skal leverast frå Havyard Ship Technologys verft i Leirvik våren 2017.

Frå venstre: Maskinsjef Rune Larsen, skipper Erling Lorentzsen, Grunnleggjar i NFT Harry Bøe, CEO i Havyard Geir Johan Bakke, Styreleiar i Namsos Trafikkselskap ASA Roger Granheim, Executive Vice President i HST Lasse Stokkeland og gudmor Ingvild Kjerkol - Foto: Havyard

Frå venstre: Maskinsjef Rune Larsen, skipper Erling Lorentzsen, Grunnleggjar i NFT Harry Bøe, CEO i Havyard Geir Johan Bakke, Styreleiar i Namsos Trafikkselskap ASA Roger Granheim, Executive Vice President i HST Lasse Stokkeland og gudmor Ingvild Kjerkol – Foto: Havyard

–     Vi gler oss over kontrakten og kontakten med Norsk Fisketransport AS. Dei er kunnskapsrike og krevjande kundar som har eit lidenskapelig forhold til å forbetre sine båtar og dei tenestene dei leverer til sine kundar. Slik utfordrar dei oss også til å levere stadig betre produkt.

Bakke seier også han er stolt over det Havyard her har fått til som konsern.

–      Her ser vi resultatet av eit konsern som kan båt frå første strek til båten går i arbeid. Vi har designa og utvikla, vi har utrusta og fylt båten med utstyr, og vi har drege nytte av alle forretningsområda våre i eit samspel som har enda med ein brønnbåt som er verdsleiande.

 

 

FAKTA

·       «Namsos» er bygg nr 124 frå Havyard Ship Technology i Leirvik i Sogn

·       Båten er 84,6 meter lang, 16,9 meter brei og har ein  lastekapasitet på 3250 kubikkmeter noko som tilsvarar lasterom for 640 tonn levande fisk.

·       «Namsos» er designa av Havyard Design & Solutions

·       Utstyr for fiskehandtering er levert av MMC Fish Handling & Refrigeration

3-Systerskipa «Namsos» og «Havtrans» side om side til kai i Namsos - Foto: Havyard

Systerskipa «Namsos» og «Havtrans» side om side til kai i Namsos – Foto: Havyard

 

For ytterligare opplysningar venlegast kontakt:

Lasse Stokkeland, Executive Vice President, Havyard Ship Technology AS – 91 63 50 94

By | 2018-02-08T07:09:54+00:00 February 16th, 2016|Havyard, Maritim næring|0 Comments