God frukost og fagleg påfyll fra Medi 3

/God frukost og fagleg påfyll fra Medi 3

God frukost og fagleg påfyll fra Medi 3

Pressemelding: Medi3 AS

Tysdag 4. april kan du få deilig frukost og godt fagleg påfyll! Medi 3 arrangerer gratis frukostseminar i Ulsteinvik. Leiarar, mellomleiarar, HR- og HMS-personell, og andre aktuelle i bedrifter på Ytre-Søre er invitert. På agendaen er det aktuell forsking, relevant helsestoff og gode råd knytta til arbeidslivet.

Medi 3 arrangerer frukostseminar ved Quality Hotel Ulstein for leiarar, mellomleiarar. HR- og HMS-personell og andre aktuelle i bedrifter på Ytre-Søre. Her kan du kombinere frukost med fagleg påfyll. Fokus for frukostmøtet er forsking, helsestoff og gode råd rundt god helse og godt arbeidsmiljø.

Målet for kurset er å lære bort nyttig, ny informasjon rundt dei ulike tema som deltakarane kan ta med seg tilbake til bedrifta si. Dette kan kanskje gi ny inspirasjon og motivasjon til å prøve nye løysingar for å skape eit sunt arbeidsmiljø for dei tilsette. Ikkje minst kan det gi ekstra driv å møte andre med same arbeidsområde og interesser!

Frukostmøtet varer fram til lunsj, og inneheld tre foredrag. Kiropraktor Ingrid Bjørdal er førstemann ut og skal snakke om nakke- og skulderplagar på arbeidsplassen.

– Muskel- og skjelettplager har høg førekomst i den arbeidande delen av befolkninga, og er ei av dei vanlegaste årsakene til sjukmelding i Noreg, fortel Bjørdal.

Kiropraktor Bjørdal vil snakke om kva som er viktig å fokusere på i førebygging av nakke- og skulderplagar på arbeidsplassen.

Alfhild Ødegård er kognitiv terapeut ved Medi 3, og skal snakke om tankane si kraft og innverknad på meistringsevna. Ho gir gode råd til korleis ein kan endre tankemønster og adferd ved hjelp av kognitiv metode.

Etter 10-kaffien skal arbeidsmedisinar, Håvard Hanch- Hansen, snakke om kva som er fasiten på eit godt arbeidsmiljø.

– God arbeidsflyt og rette rutinar veg tyngst – også på botnlinja. Eit godt arbeidsmiljø er mykje meir enn kos og kake på fredagar. Arbeidsmiljø handlar først og fremst om arbeidet som vert utført, seier Hanch-Hansen.

By | 2018-02-08T07:09:53+00:00 March 10th, 2017|Medi3|0 Comments