Frøystad gir utstyr til leik i fjøra

Frøystad gir utstyr til leik i fjøra

Pressemelding: Frøystad AS

-Vi har lyst til å vise barn kor kjekt ein kan ha det ved sjøen, så no gir vi bøtter og håvar til alle barnehagane i kommunen.

Per Frøystad, dagleg leiar i Frøystad AS, er sjølv ute i fjøra og deler ut bøtte og håv til nokre av barna i Troll-lia barnehage. Han har ikkje gløymt triksa frå barndomen, løftar på steinar og finn mykje som kan sprelle og kravle rundt i bøttene til barna.

– Det er både kjekt og lærerikt å leike i fjøra, og slik vi bur, er det også viktig at barna får vere i fjøra og lære seg og ha respekt for sjøen, seier han.

Ideen med å dele ut bøtter og håvar kom frå innkjøpssjef Cherry Lee. Ho seier barn som veks opp i ein kommune som Herøy bør få lære seg og ha det kjekt i fjøra og vere trygge ved sjøen.

– Vi håper barna vil ha glede av bøttene og håvane, og vi er glade for å få lov til å gi noko tilbake til lokalsamfunnet.

Froystad_4

Dagleg leiar i Frøystad AS, Per Frøystad, innkjøpssjef Cherry Lee og salsleiar Roy Willy Hagen saman med barn frå Troll-lia barnehage.

Mini-akvarium

Frøystad vil no dele ut bøtter og håvar til 4- og 5-åringane i barnehagane i Herøy. I tillegg har sjøspeidarane fått seg slikt utstyr til leik i fjøra. Og barna frå Troll-lia barnehage tok sporenstreks i bruk verktøyet til å lage seg små akvarium. Den gjennomsiktige bøtta gir god oversikt over kva dei har fanga. Silen fungerer både til fangsting og til å halde fangsten på plass i bøtta. Og med håven hadde dei god rekkevidde på fiskinga.

Rita Grønbech Hodneland frå Troll-lia barnehage seier gava var heilt super for ein barnehage som jobbar mykje med sjø og hav. Dei har hatt prosjekt der dei har smakt på 25 forskjellige fiskar og sjømat, dei er mykje på besøk i fjøra, dei dreg teiner, kokar krabbe og tek turar med båten Taretittaren som har glasbotn og gir barna fullt innsyn i alt som rører seg i havet.

– Og desse bøttene er ein glitrande ide og eit supert tilskot til barnehagen.

Barna frå Troll-lia var raskt i gang med jakta på krabbar. Bøttene vart fulle av forskjellige slags fjørekryp, barna var fulle av iver – og ein skal ikkje sjå vekk frå at ein og annan støvelen vart full av sjøvatn også…

Nye fiskarar?

Frøystad AS har drive med utvikling og produksjon av fiskevegn sidan 1972 og Per Frøystad gler seg over at nye generasjonar, heilt frå dei er barnehagebarn får vere med på fjøreleik og fiske med teiner og garn.

– Det er viktig at barna får vere med på slike aktivitetar og kven veit, kanskje er her nokre komande fiskarar også?

By | 2018-02-08T07:09:50+00:00 October 5th, 2017|Frøystad AS|0 Comments