Fargar i vinden

Fargar i vinden

Pressemelding: Kuling AS

I forbindelse med nytt firmanamn lanserer Kuling ny fargekolleksjon, denne gongen i samarbeid med A.Sævik i Fosnavåg. Fargekolleksjonen har fått namnet Fargar i vinden, og trendfargane matchar gardinkolleksjonen til Åse Myklebust.

 

-Velourgardinene til A.Sævik er aldeles nydelege, og paletten gjenspeilar sjølvsagt fargetrendane som vi kjenner oss igjen i, seier dagleg leiar for Kuling, Agathe Eiksund. Før sommaren valte ho seg ut velourgardiner i ein djup grønfarge til kjellarstova si, og butikksjef Ingelill Brekke matcha disse med ei veggmaling i samme farge:

– Vi i Kuling har ei stor forse med Ingelill som rett og slett er ein magikar med fargar. Ho kan ordne kva farge som helst i malingsspanna, det er berre opp til kunden å beskrive den på best mogleg måte. Nokon tek med seg ei pute, andre eit teppe, det kan vere kva som helst. Ingelill matchar fargen med eit fantastisk fargeauge og god manøver med blandemaskina. Det er ikkje for ingenting at denne dama blei kalla «master tweeker» dei åra ho jobba i målarforretning i Canada, fortel Eiksund.

Det var slik ideen om at Kuling og A. Sævik kunne få til eit samarbeid oppsto. Åse Myklebust tente på ideen med ein gong, og trur dette vil felle i smak hos kundane:
– Velour er tilbake for fullt og gir eit eksklusivt uttrykk. Det er ikkje tvil i at velourgardiner gir eit flott uttrykk mot dagens matte veggar, og ser fantastisk ut i minimalistiske miljø der det gir eit lunt, vakkert og moderne interiørbilete, seier Myklebust.

Dei unike fargane har fått namn etter Beauforts vindskala. Det vil sei tretten fargar frå Stille til Orkan.

Liten storm er for eksempel ein nydelig djup grøn farge som kan virke ganske mørk. Men når lyset treff veggen, det vere seg lysspottar eller sollys, så kjem den flotte undertonen av grøn fram.  
Flau vind er ein romantisk dus grårosa, lys og fin med sitt sofistikerte preg, seier butikksjef Ingelill Brekke, som har blanda og justert kvar enkelt farge på bakgrunn av fargevifta med velourprøver frå A.Sævik.

Fargekolleksjonen har fått namnet Fargar i vinden, og oppstrøksprøver er tilgjengeleg både hos Kuling og hos A. Sævik.

 


KONTAKTINFORMASJON:

Agathe Teige Eiksund

tlf :90 05 37 85

e-post: ate@kaston.no

 

By | 2017-10-06T10:02:14+00:00 October 6th, 2017|Handel, Kuling AS, Nordsjø Ide&Design|0 Comments