PRESSEMELDING FRÅ NORDVESTKLINIKK OG BEDRIFTSHELSE1
SER FRAM TIL Å SAMARBEIDE: Mimmi Kvalsund Ulstein (til venstre) er dagleg leiar i Nordvestklinikk. Grete Lund er sjukepleiar/verneingeniør i Bedriftshelse1 og jobbar mykje med førebyggjande HMS-arbeid.
Nordvestklinikk og Bedriftshelse1 vil samarbeide for å gje bedriftskundane eit komplett tilbod på Søre Sunnmøre.
Dei to aktørane har signert ein samarbeidsavtale som dei meiner vil kome kundane til gode.
– Vi meiner det nye samarbeidet vil styrke både oss og Bedriftshelse1. Målet er å kunne tilby eit fleksibelt og godt tilbod for bedriftene, seier Mimmi Kvalsund Ulstein som er dagleg leiar i Nordvestklinikk.
Nordvestklinikk fokuserer på sjøfarts-og offshore-medisin. Legane Håvard Ramsli og Torstein Bjørndal kan mellom anna levere ulike typar helseattestar. Dei held til på Stålhaugen i Ulsteinvik og snart vil Bedriftshelse1 flytte inn i same lokale. Det er to sjølvstendige aktørarar som no innleier samarbeid i forhold til bedriftsmarknaden.
Landsdekkjande nettverk
Bedrifthelse1 er den største lokalt forankra bedriftshelsetenesta på Vestlandet. Deira dekningsområde strekkjer seg frå Ulsteinvik i nord til Odda i sør. I tillegg er dei ein del av eit landsdekkjande nettverk som gjer at tilsette i bedriftene kan få hjelp der dei treng det.
Dei har til saman 60 tilsette innan fleire ulike fagfelt som er klare til å hjelpe bedriftene. Bedrifthelse1 er godkjend av Arbeidstilsynet og har vore i bransjen sidan 1984.
– For Bedriftshelse1 er regionen Søre Sunnmøre eit svært viktig satsingsområde. Med kompetansen rundt offshore og skipsindustri som Nordvestklinikk har, kan vi saman tilby kundane i området bedriftshelsetenester av høg kvalitet, noko som er vårt varemerke, seier Randi Marie Sjøholt som er dagleg leiar i Bedriftshelse1.
—-
For spørsmål, ta gjerne kontakt med:
Mimmi Kvalsund Ulstein
Dagleg leiar i Nordvestklinikk
Mobil: 99 37 13 77
E-post: post@nordvestklinikk.no
Randi Marie Sjøholt
Dagleg leiar Bedrifthelse1
Mobil: 95 23 58 74
E-post: Randi.Marie.Sjoholt@Bedriftshelse1.no